Erik Schreiner Evans🌻
Русский оккупант лучшее удобрение
#RussiaIsATerroristState
Russland må nedkjempast.
Send meir våpen.
IntOps-veteran
Sjukepleiar
Cishet han
- Eg brukte overraskande mykje tid (men ingen penger) på å få ein mekanikar til å sei at reparasjon nok ikkje lønna seg. Så då vart det ny maskin og mitt livs fyrste tørketrommel. Det kjennest... dekadent.
- [Not loaded yet]
- Min militære karriere starta i 1998. Før det dreiv eg mykje med idrett, men hadde aldri vore frivillig innom eit treningsstudio. Eg kjente ingen som gjorde det utan som del av organisert idrett. Tidleg på 2000-talet starta mor mi på spinning på Elixia. Noko skjedde rett rundt århundreskiftet.
- å nei det var veldig dumt.
- Eg har bite meg merke i ein rar tendens i samfunnet. Vestlege menn med pro-russiske eller Russland-apologetiske standpunkt... Dei viser seg påfallande ofte å vera seksualforbrytarar eller å vera veldig gode venner med seksualforbrytarar. Årsaksmekanismene her er det berre å spekulera i.
- CW: Antiimperialistisk fyrverkeri. Eg fekk tilsendt desse to videoane frå artilleristen Ivan. Дуже дякую, Іван!
- Bada bom!
- Tilbake frå Ukraina til trygge Noreg og ei varm seng. Har ikkje oppdatert på nokre dagar fordi eg ganske enkelt er fullstendig overvelda. Det er kaldt i Ukraina. Inne og ute. Vanvittig kaldt. Mitt uniformerte ungdomsår i Indre Troms var kaldt. Denne veka i Ukraina var kaldare.
-
View full threadEg har alltid vore stolt over å vera norsk. Men dette... Eg får lyst til å brøla vår seindrektige statsminister opp i andletet at han har sikra seg plass i historia saman med sin partifelle Johan Nygaardsvold.
- Men me fekk altså levert fire bilar i Pavlohrad til heltane som forsvarer oss alle. Og dei treng mange fleire slike bilar. Omlag 4000 pr månad. @slavaukraininorway.bsky.social har eit budsjett på 50.000 NOK per bil. Eg blir veldig takksam om du vil hjelpa meg nå 50.000 på spleis.no/bil
- Det er ein heilt ekstrem strategi og eit heilt openbart massivt krigsbrotsverk som verda lar dei sleppa unna med. Her om dagen døydde ei eldre jødisk kvinne. Ho overlevde nazi-Tyskland sitt Holocaust, men fraus i hel av Putin-Russland.
- Sverige sender ein ekstra milliard. DSB samlar inn aggregat. Men framleis er det frys i amerikansk støtte. Framleis inga massiv auke i europeisk støtte. Framleis meiner Noreg at vårt 13-sifra(!) overskot frå denne krigen tilhøyrer Oljefondet og nøyer oss med å senda nokre få prosentar.