Sveinung Rotevatn
Dagleg leiar i Bellona Norge.
- Reposted by Sveinung RotevatnMen Mariell, du brukte somehow nesten 8000 kw/h på ein måned
- Når argumenta for kjernekraft i Noreg blir samla mellom to permar, viser det seg (diverre) at business caset står på leirføter. Men elles er det mykje å lære om kraft i dei to bøkene eg har anmeldt for @morgenbladet.no: www.morgenbladet.no/boker/den-kj...
- Reposted by Sveinung RotevatnFeels like something cracked today in the transatlantic alliance. Europeans have been swallowing their pride, bitting their tongues, and bending the knee. That strategy may have bought them time but it has now clearly failed. It also had a major cost - it has made the WH think Europe will cave. 1/
- 2025 var det varmaste året nokon sinne. Aldri før har samtlege månadar blitt målt over normalen. Men no kom det omsider snø i Sør-Noreg, så då er det sikkert ingen grunn til uro. www.vg.no/i/zOGa7q?utm...
- Reposted by Sveinung Rotevatn[Not loaded yet]
- Ny jobb! Eg ser veldig fram til å kome i gang som dagleg leiar for Bellona Norge. Mykje flinke folk i ein viktig organisasjon. Glad for tilliten frå Frederic Hauge og resten av styret. Dette blir bra! bellona.no/nyheter/inte...
- Heilt utenkeleg å samarbeide med ei partileiing der to bur på Oslo aust og ein i Akershus (Høgre). Betre med ei partileiing der to bur på Oslo vest og ein i Akershus (Ap). www.vg.no/nyheter/i/xr...
- Digg å sjå at “nordmenn” sparar pengar på Norgespris. Litt usikker på kven som eigentleg betalar for ordninga, men det viktigaste er at vi nordmenn sparar!
- “Realitetene etter statsbudsjettbehandlingen er at Stortinget har sørget for at klimamålet ikke blir nådd”. Trist, men nødvendig gjennomgang frå @mathiasfischer.bsky.social i @energiogklima.no. www.energiogklima.no/meninger-og-...
- Reposted by Sveinung Rotevatn[Not loaded yet]
- Då har både forskarar ved Cicero og Klima- og miljødepartementet sjølv rekna seg fram til at budsjettforliket faktisk svekkar klimapolitikken. Ganske utruleg. Kva skjer, @mdg.no og @sv.no? www.aftenposten.no/norge/politi... www.tv2.no/nyheter/inne...
- Skal vi tru Nettavisen sine kjelder førte ikkje berre budsjettforliket til høgare klimagassutslepp enn regjeringa sitt opphavelege forslag. Utsleppa vert ENDÅ høgare fordi MDG og SV braut forhandlingane. Var det slik ein skulle “gjøre Støre grønnere”….? www.nettavisen.no/jonas-gahr-s...
- Det er alltid fint med nye offentlege utval. Men eg tør minne om at vi allereie HAR hatt eit offentleg utval som har vurdert omstillinga av Noreg til eit lågutsleppssamfunn, og vegval for petroleumsnæringa. Satt ned av underteikna og Solberg-regjeringa. Dei tilrådde leitestans. klimautvalget2050.no
- Dei tre oljebod frå budsjettforliket: 💶Oljefondet: Inga endring 🛢️Oljepolitikken: Inga endring 💸Oljepengebruken: Solid auke
- Det kan eg ein jo forstå. Det skal setjast ned eit utval som skal levere eit eller anna om to år. I mellomtida gir det raudgrøne stortingsfleirtalet no det endelege startsignalet for 26. konsesjonsrunde. Som SV faktisk fekk stoppa førre stortingsperiode.
- Sektorar der klimaverkemidla blir svekka eller fjerna sml. med Ap-regjeringa sitt forslag: - Vegtrafikken - Jordbruket - Fiskeflåten Sektorar der virkemidla blir som i dag: - Olje og gass Sektorar der klimaverkemidla blir styrka: -
- Så: Budsjettet MDG/SV no har gått med på vil faktisk gi HØGARE klimagassutslepp neste år enn budsjettet Ap opprinneleg foreslo. Fordi fossile drivstoff skal bli billegare. Og i byte har partia blitt einige om å setje ned ein kommisjon dei allereie var einige om å setje ned i fjorårets budsjett? Ok.
- Vi er mange som kan meine at SV/MDG har måla seg inn i eit hjørne. Men kommentatorar burde slutte å omtale budsjettaktørane som “vaksne” og “born” i ulike variantar. Dette er politiske parti som har eksistert i minst ein mannsalder, og har fleire veljarar i ryggen enn dei fleste aviser har lesarar.
- EU innfører vernetoll mot land utanfor tollunionen - inkludert Noreg. Då har vi tre alternativ: a) Leve med tapet av arbeidsplassar b) Eskalere ein tollkrig vi er dømt til å tape c) Bli med i handelssamarbeidet alle våre næraste naboland og handelspartnarar er tilslutta. www.nrk.no/nyheter/eu-i...
- For ei rar sak.Kva er eigentleg det underliggande poenget? a) Norgespris er ikkje lurt, b) Norgespris er lurt, men Ap-nestleiarane er ikkje så lure, eller c) Det er viktig at politikarar nyttar seg av ein kvar offentleg subsidie som er tilgjengeleg? www.nationen.no/tonje-brenna...
- Kva er dette for ei ragebait-vinkling, @aftenposten.no? Sitatet knyter seg direkte til folk som blir legar, ikkje han sjølv eller andre direktørar.
- Magnus Marsdal sitt angrep på Danboy Choi i Morgenbladet var heilt på sin plass. Og Choi klarer rett og slett ikkje å svare under debatten i #polkvart i dag. Svært avslørande, og verdt å høyre. www.morgenbladet.no/ideer/danby-...
- For dei spesielt interesserte: Artig podkast om dei konstitusjonelle (om enn litt hypotetiske) sidene ved Sjaman-debatten. Kan kongen ta frå Märtha prinsessetittelen? (nei) Kan “avtalen” hennar med kongen om bruk av tittelen eigentleg handhevast? (neppe) Etc podcasts.apple.com/no/podcast/r...
- God leiar frå Aftenposten, som løftar blikket mot dei store utfordringane: “Det beste utgangspunktet for gode løsninger for de neste fire årene [ligger] i skjæringspunktet mellom Høyre og Venstre.”. Og skal det skjæringspunktet eksistere, må V over sperregrensa. www.aftenposten.no/meninger/led...
- Dette er jo totalt skamlaust. I fire år har regjeringa latt som at Europas høgaste rentenivå ikkje har noko med regjeringa sin politikk å gjere. No har Ap plutseleg "rentekutt" som valløfte. Dette bør folk mildt sagt gjennomskue. www.dn.no/politikk/nik...
- God kommentar frå @kjetilba.bsky.social om Støre som plutseleg konkluderte på direkten i ei pågåande etterforsking. Også grei påminning om at politikarar (og ein del andre!) bør vite betre enn å trekke raske slutningar før ein veit noko, ref. Norway Cup-saka. www.aftenposten.no/meninger/kom...